
Nora Mørk nominert som verdas beste i 2015
Larvik-spelaren kan bli stemt fram som verdas beste handballspelar i 2015.
International Handball Federation har lagt ut dei nominerte for dei beste spelarane i fjor.
Blant dei fem nominerte finn ein heile to norske spelarar: Nora Mørk og Heidi Løke.
Det er ikkje første gong norske handballjenter er nominert til denne prisen. I 2011 vart Heidi Løke kåra til årets beste.
Tidlegare har Gro Hammerseng og Linn-Kristin Riegelhuth blitt kåra til verdas beste handballspelarar.
Kven er den beste handballspelaren syns du?