Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Eirik (11) bad dommaren annullere målet

$
0
0
Eirik (11) bestemte seg for å vere ærleg. Derfor sa han frå til dommaren at han hadde angripe keeperen då han scora mål.
FOTO: ELINE SUNDAL / NRK

Eirik (11) bad dommaren annullere målet

Etter at han scora, gjekk han bort til dommaren og sa at det var angrep på keeper og at målet ikkje burde bli godkjent.

Måndag kveld var det kamp mellom Ørsta og Folkestad G11.

Eirik Grevsnes Bjørdal gjekk i duell med keeperen og heada ballen i mål.

Dommaren blåste i fløyta og dømde scoring, men kjensla til Eirik var ikkje så god som den plar vere etter eit mål.

Han gjekk difor bort til dommaren og bad om at målet måtte bli annullert.

– Det var eigentleg angrep på keeper, og det fortalde eg til dommaren. Eg måtte seie noko, for eg likar ikkje å ha så dårleg kjensle, fortel Bjørdal.

Laget hans leia med mange mål, og 11-åringen såg at motstandarane vart glade då han påpeikte feilen sin.

– Eg følte meg litt god når eg innrømte at det ikkje var mål, seier Bjørdal.

Hadde du gjort det samme?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858