Her har dei trafikklys i bakken
I Tyskland har dei laga trafikklys på fortaua for å hindra at ulukker skjer.
Mange trykkjer nemleg på mobilen medan dei går ute, og då er det ikkje alltid like lett å få med seg når det er trygt å kryssa ein trafikkert veg.
Lysa som vart installert førre veka ligg flatt på bakken og blinkar raudt når ein trikk nærmar seg.
Ideen med lys i bakken kom berre to månadar etter at ei 15 år gamal jenta vart påkøyrd av ein trikk. Ho hadde musikk på øyra og teksta på mobilen - og såg ikkje trikken.
Om dei nye varslingslysa vil hindra at nye ulukker skjer, veit ein ikkje enno.
Fotgjengarar som ei tysk avis har snakka med seier at dei ikkje har lagt merke til dei nye lysa - dei har vore for oppteken med mobilen.
Det er ikkje første gong trafikken er tilrettlagt for mobilen.
I Kina har dei nemleg eigne fortau for mobilbrukarar for å hindra at dei kolliderer med andre gåande.
Ser du ofte på mobilen når du er ute?