Desse har innført leggetid for mobilen
Det kan vera vanskeleg å legga frå seg mobilen om kvelden - det har denne gjengen gjort noko med.
Dei har nemleg innført ei felles leggetid for mobilane sine.
Etter kl 2130 er det ikkje lov å senda meldingar eller trykka på mobilen.
På denne måten skal dei få betre nattesøvn. Mange born og unge ligg nemleg lenge på mobilen etter dei har lagt seg og får difor ikkje den nattsøvnen som dei eigentleg treng.
Er du mykje på telefonen etter at du har lagt deg?