Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Langrennsjentene sin trenar sluttar

$
0
0
Egil Kristiansen syns det er trist å slutta som trenar. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Langrennsjentene sin trenar sluttar

Egil Kristiansen sluttar som trenar for dei norske langrennsjentene.

Han har vore hovudtrenar dei 10 siste åra og har vore med på å gjera det norske kvinnelandslaget i langrenn til verdas beste.

Egil seier at det var vanskeleg å bestemma seg for å slutta, men at han har gått litt tom for idear.

Marit Bjørgen seier at ho syns det var trist at Egil sluttar. Ho hadde håpa at han skulle vera trenaren hennar til ho sjølv gav seg.

Therese Johaug seier at langrennsjentene kan takka han for at dei er verdas beste.

Det er ikkje bestemt kven som vert ny trenar for langrennsjentene.

Kva syns du er viktig for å verta ein god trenar?

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858