Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Kryssa Stillehavet med hjelp frå sola

$
0
0
Flyet kan berre fly 90 km i timen på det raskaste, og er då like rask som ei due. Foto: AP Photo/Noah Berger.

Kryssa Stillehavet med hjelp frå sola

Med solcellepanel på vingene skal dette flyet fly rundt heile jorda - berre ved hjelp av energi frå sola.

Torsdag satte Solar Impulse 2 kursen frå Hawaii i retning San Francisco i USA.

På laurdag- over 3000 km og 62 timar seinare - kom flyet fram til San Francisco, og hadde då lagt bak seg siste etappe over Stillehavet.

Ferda til Solar Impulse 2 starta i De forente arabiske emirater i fjor. Sidan den gong har flyet vore innom Myanmar, Oman, Kina og Japan. Planen er at flyet skal kome heilt rundt jorda.

På flyet si ferd frå Japan til Hawaii satte Solar Impulse 2 rekord i verdas lengste flytur på heile 118 timar.

Men sjølv om flyet kan vera lenge i lufta om gongen, kjem det ikkje så langt kvar gong. Det går nemleg ikkje så fort med Solar Impulse 2.

På det raskaste kan flyet halda ei fart på 90 km i timen - som er like fort som ei ei due. På vegen frå Hawaii til San Francisco hadde Solar Impulse 2 ei gjennomsnittsfart på 45 km i timen, som er like fort som ei kråka.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858