
Dette betyr dommen
Onsdag bestemte Oslo Tingrett at Anders Behring Breivik har hatt det for strengt i fengselet. Det betyr at staten no må vurdere mange ting på nytt. Blant anna dette:
Kva skjer no?
Korleis Breivik har det i fengselet må vurderast på nytt. For eksempel må ein vurdere om det er nødvendig å halde han heilt isolert - altså heilt vekke frå andre fangar.
Kan han sende brev, få besøk eller vere på internett?
Retten meiner at Breivik berre har lov å prate i telefonen med folk som politiet godkjenner. Breivik kan prate i telefonen 20 minutt kvar veke.
Han har lov å sende og motta brev, men politiet kan stoppe dei breva dei meiner går ut til feil folk.
Breivik får ikkje vere på internett.
Kan han få besøk?
Breivik kan få lov å få besøk dersom politiet meiner dei ikkje planlegg noko dumt sammen.
Staten må vurdere på nytt om det er nødvendig at alle besøk Breivik skal ha skal skje med ein glasvegg i mellom han og besøket.
Er saka ferdig? Kan det bli fleire saker?
Om staten er misfornøgd med det tingretten har bestemt kan dei anke saken. Det betyr at den vil bli tatt opp på nytt. Dei som jobbar på Stortinget skal bestemme om dei vil gjere det eller ikkje.
Breivik kan ikkje ta ut nytt søksmål - altså gå til retten - med mindre han har nokon nye problem han vil klage på.