
Pyramide kan skjule fleire rom og større skattar
I ei ny undersøking av ein pyramide i Egypt kan det vere fleire skjulte rom. Desse romma kan skjule ein skatt arkeologar har leita etter i veldig mange år.
Inne i pyramiden har arkeologar allereie funne gravkammeret til Tutankhamun, ein gamal farao - altså kongen i det gamle Egypt.
Nokon meiner at Tutankhamuns gravkammer inne i pyramiden berre er ein inngangsport til eit enda større gravkammer, nemleg der dronninga vart gravlagt.
Det skal vere 90 prosent sjanse for at det er eit skjult rom bak veggane. No kryssar arkeologar fingrene!
