
FOTO: WILHELM STØYLEN / NRK
Yoga på skulen er bra
Barn som driv med yoga blir tryggare, meir avslappa og får større tru på seg sjølv, meiner yogalærer Greville Henwood fra USA.
Måndag hadde han tatt turen til Hessa skole i Ålesund for å gi elevane ei innføring i yoga.
– Alle barn har noko som dei er flinke i, og eg meiner at ingen kan fortelje oss den rette måten og gjere noko på, seier han med eit stort smil.
Inga konkurranse
Og det er nettopp det som er noko av grunnen til at lærar, Anne- Lin Giskeødegård, har ønska å prøve Yoga i ei skuleklasse.
– Det er ein aktivitet der elevane slepp å konkurrerer eller prestere. Dei slepp å vise at dei er best i noko. Samtidig kan yogaen gi dei tryggleik og meir tillit til seg sjølv, seier ho.
Og elevane i klasse 3B ved Hessa skule synest det var gøy å få prøve yoga i skuletida.
– Eg synest alle var veldig flinke. Sjølv om det var vanskeleg, var det også veldig gøy, seier ein av elevane.
Kunne du tenkje deg å prøve yoga på skulen?
Denne saken er hentet fra NRK.no og er skrevet av Silje Steinnes Bjerke og Wilhelm Støylen.