
Syklar gjennom Skandinavia – lever på søppel
Niklas og Andi er i gong med ein sykkeltur litt utanom det vanlege.
På vinterføre syklar dei no gjennom Noreg og Sverige.
– Det er altfor enkelt å sykla om sommaren. Me ville ha ein tøffare utfordring og oppleva skikkelig kulde og vinter, seier Niklas.
Og det er ikkje berre kulden som er ei utfordring for dei tyske gutane.
Dei lever nemleg òg berre av boss og søppel som butikkar kastar.
– Det er keisamt å gjera det sama kvar dag. Gå på jobb. Difor er det lettare å ikkje jobba, kun sykla og leita etter mat i bosset.
No er hippiesyklistane på veg til Lofoten. Der skal dei vente til vèret vert litt betre, også skal dei sykla vidare til Bergen.