
Landets einaste tannlegehund
Joppe har ein heilt spesiell jobb. Han hjelper nemleg dei med tannlegeskrekk.
Eigentleg skulle Joppe vore avliva, men vart redda i siste liten.
I dag er det mange som er glade for at Joppe framleis er i livet.
Kvar dag møter nemleg Joppe opp på Bjørkelangen Tannhelsesenter for å roa ned pasientar som er redd for tannlegen, og får dei til å slappa av.
Førre veke vart Joppe kåra til Årets Norske Dyrehelp på grunn av arbeidet han gjer som tannlegehund.
Prisen blir delt ut av Agria Dyreforsikring og Joppe slo om lag tusen andre dyr som vart nominert til prisen.
Har du eit dyr som kunne vunne dyreheltprisen?
indre.no