
-Ikkje gje opp at du kan bli frisk
Eirik Woldheim Hansen (12) fekk kreft då han var 5 år. I helga var han med å samla inn pengar til Barnekreftforeningen.
På ein sykkel i eit spinningrom i Sarpsborg sykla Eirik det han klarte.
Saman med 750 andre sykla han for å samla inn pengar kreftforeningen. I tilsaman 12 timar heldt dei sykkelen i gong og samla inn over 115 000 kroner. Dei skal gå spesielt til born som får kreft.
Eirik hugsa godt då han sjølv vart sjuk av lymfekreft.
- Eg hugsar at eg vart ganske lei meg og redd for om det skulle skje noko. Det var skummelt og den verste tida i livet mitt, seier Eirik.
I fjor fekk Eirk gladmeldinga om at han var blitt frisk.
- Då vart eg så glad. Me arrangerte ein filmkveld med klassen der me åt pizza og feira at eg var frisk.
Han har eit råd til dei som vert sjuke.
-Ikkje gje opp at du kan verta frisk, seier Eirik.
nrk.no
