Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Spekkhoggar-flokk på jakt

$
0
0

Norwegian Orca Survey

Spekkhoggar-flokk på jakt

Medan tre spekkhoggarar held sildestimen i et jerngrep, slår resten av flokken hundrevis av sild i svime med halen.

Fleire hundre spekkhoggarar, knølkval og finnkval har i vinter jakta i dei store sildestimane i havet utanfor Andøy i Nordland.

-Eigentleg er sesongen på hell. Men fordi det framleis er såpass mykje sild er spekkhoggarane her ennå, seier Richard Karoliussen som studerer dyra.

Spekkhoggarar blir kalla havets ulvar fordi dei jaktar i flokk. Dei bruker halen sin til å slå fisk i svime.

- Dei kan slå opp til 40 sild i svime med eit slag. Deretter et dei ei og ei sild, fortel Karoliussen.

 

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858