
Foto: Løvland, Marianne / NTB scanpix
Supertrendy med fjell
Norske fjell er meir populære enn nokon gong.
Den Norske Turistforeningen melder om rekord-tal for 2015. Grunnen til at fjellet har blitt så populært skal vera at folk har blitt meir opptekne av sunn livsstil og miljø.
- Norske fjell tilbyr alt frå det enkle, nære til det utfordrande spektakulære, og trekk til seg både dei fjellvande og dei som treng litt innføring og guiding, seier Christine Thune i Den Norske Turistforening (DNT).
- Begge formar for friluftsliv har blitt veldig trendy. Eg trur noko av det kulaste ein kan gjera er å gå i fjellet, uansett årstid og alder, seier ho.
Kva syns du om fjellturar?