Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Synne brukar 4 dagar på eit Instagram-bilete

$
0
0
Synne Sofi (19) droppa vidaregåande for å satsa på gamaldags fotokunst. Foto: Nam Nguyen/NRK

Synne brukar 4 dagar på eit Instagram-bilete

Det er ikkje dårleg dekning som er grunnen til at Synne (19) sine Instagrambilete alltid er nokre dagar på etterskot.

Ho må nemleg framkalla dei først.

Sjølv om ho har smarttelefon, tek ho Instagram-bileta sine på gamlemåten. Heilt sidan ho var lita har ho likt å ta bilete med gamle fotoapparat.

Synne fekk plass som fotograflærling allereie då ho var 14 år.

Ho valde då å droppa vidaregåande for å satsa på den gamle fotokunsten.

Om eitt år får ho svennebrevet og kan kalla seg utdanna fotograf.

Antonio har lært Synne mykje om å ta bilete på gamlemåten. Foto: Nam Nguyen/NRK

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858