Image may be NSFW.
Clik here to view.
Clik here to view.

FOTO: BJØRN ERIK RYGG LUNDE / NRK
Mikkel (9) er den einaste nynorskeleven i Nordland
Nynorsk er snart heilt borte frå grunnskulen i Nordland. – Litt dumt, meiner Mikkel Landro.
For 20 år sidan fekk nærmare 450 elevar i grunnskulen i Nordland all undervisning på nynorsk.
No er det berre ein elev igjen.
– Det er litt rart at det er berre eg. Litt dumt eigentleg, seier Mikkel Landro (9).
I fjor flytta han til Digermulen i Lofoten saman med familien frå Voss.
Det var aldri aktuelt å bytte målform.
– På Voss hadde alle i klassen nynorsk. Ingen hadde bokmål. Det var litt rart i byrjinga, men no er eg vant til å vere den einaste med nynorskbøker, fortel niåringen.