Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Lett for unge å kjøpe paracetamol

$
0
0
I løpet av eit par timar fekk jentene kjøpt 43 pakkar paracet til saman. Dei yngste var (f.v.) Marlene (13), Mathilde (15), Johanne (15) og Sarah (13). (Foto: Daniel Rørvik Danielsen/NRK)

Lett for unge å kjøpe paracetamol

Det er eigentleg 18 års aldersgrense for å kjøpa det smertestillande legemiddelet paracetamol, men mange sel det til mindreårige.

NRK sende ut jenter på 13, 15 og 17 år for å testa om dei fekk kjøpa piller. Det fekk dei.

For å kjøpa legemidler i butikkar, kiosker, bensinstasjonar og andre stader utanom apotek, må du væra minst 18 år gamal.

På apoteka er det inga aldersgrense, men her seier reglane at dei som jobber der skal fortelja kjøparane om korleis det skal brukast trygt. Feil bruk er farlig og kan nemleg gje problemer med helsa.

På dei fleste stadane jentene i testen handla, fekk dei kjøpa paracetamol utan at nokon sjekka alderen deira eller gav dei råd om trygg bruk.

Dei som styrer sal av legemiddel er overraska over at ungdomane fekk kjøpa middelet, og seier nå at dei skal bli strengare.

Kilde: Forbrukerinspektørene i NRK.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858