
Kina skal leita etter romvesen
Dei som bestemmer i Kina byggjer verdas største radioteleskop.
Teleskopet skal stå ferdig i til hausten, og vil då vera større enn 30 fotballbaner tilsaman.
Dei ønsker å finna ut om det finst intelligent liv i verdsrommet og vil finna ut korleis verdsrommet vart til.
Radioteleskopet vil fungera som eit stort øyre som vil kunne fanga opp lydar frå verdsrommet. Visst romvesen finst, så vil teleskopet oppfatta beskjedar dei sender kvarandre.
Men der er ikkje berre berre å byggja verdas største radioteleskop. 9000 menneske må no flytta frå heimane sine fordi dei bur for nærma teleskopet.
Trur du det finst anna liv i verdsrommet?