Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Edderkoppen vant over slangen!

Image may be NSFW.
Clik here to view.
Bonden Patrick Lee tok dette biletet av edderkoppen som tok knekken av ein velvaksen brunslange.
FOTO: PATRICK LEES / AFP

Edderkoppen vant over slangen!

Ein spinkel edderkopp tok knekken på ein velvaksen og svært giftig brunslange. (Sjå heile bilete nederst i saka).

Den australske bonden Patrick Lee trudde ikkje sine eigne auge då han kom over dette synet.

– Eg er usikker på om edderkoppen tok livet av slangen med gift. Mest truleg vart slangen fanga i nettet til det vesle krypet, seier Patrick Lee til Australian Broadcasting Coorporation (ABC).

Han seier at normalt vil edderkoppen spinne nettet sitt rundt offeret, før han forgiftar det.

Biletet av den døde slangen innkapsla i nettet til ein Daddy Long Legs-edderkopp, har vekt stor interesse etter at han la det ut.

Ekspert Graham Milledge seier at det er mogleg at slangen vart drepen av edderkoppen, men at det er umogleg å vere sikker.

– Det mest sannsynlege er at slangen vart vikla inn i nettet til edderkoppen.

– Det normale er at edderkoppen bit offeret etter at det er sett ut av spel av nettet, seier Milledge til ABC.

Denne saken er hentet fra NRK.no og skrevet av Bent Tandstad.

Image may be NSFW.
Clik here to view.

FOTO: PATRICK LEES / AFP
Fakta om Daddy Long Leg edderkopp
  • Finnes ikkje i Noreg
  • Det er fleire typar av edderkoppen
  • Lett attkjennande på grunn av ekstremt lange, tynne bein. Fargen kan variere frå kremgul til bleik brun.
  • Kan bli ni millimeter lange
  • Ein av dei vanlegaste edderkoppartene i Australia, men stammar eigentleg frå Europa.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858