
Møtte kjærasten etter 70 år
Over 70 år etter at dei skilte lag møtte endeleg den amerikanske veteranen Norwood (93) sin britiske kjæraste frå krigen, Joyce (88).
Dei to møttes første gong i England i 1944. Då var Joyce 17 år og Norwood 21.
Etter berre nokre månadar som kjærastar, måtte Norwood til Frankrike for å kjempa i krigen mot Tyskland.
Norwood overlevde krigen og kom tilbake til England - der Joyce venta på han. Men i 1945 fekk Norwood ordre om å koma heim til USA - og fekk ikkje moglegheita til å seia ha det til Joyce.
Dei heldt kontakt og skreiv brev til kvarandre. I eit brev spurde Norwood om ikkje Joyce ville koma til USA og gifte seg med han.
Diverre misforstod Joyce. Ho trudde Norwood hadde fått seg ei kone og svarte aldri på brevet.
Gjenforent
Dei gifta seg begge på kvar si side av jordkloden. Kona til Norwood dø for mange år sidan, og Joyce er no skild frå sin mann.
I fjor spurde Joyce son sin om ikkje han kunne leita etter Norwood på internett.
Det siste året har dei snakka saman på skype - og onsdag denne veka møttes dei to igjen - over 70 år sidan dei såg kvarandre sist.
– Dette er noko av det mest fantastiske som har skjedd meg, sier Norwood til australske medier.
Veit du om nokre fine kjærleikshistoriar?
Sak frå NRK og Mashable.com