Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Ungdoms-OL for dummies

$
0
0

Foto: Cathrine Dokken/Lillehammer2016.com

Ungdoms-OL for dummies

På fredag startar Ungdoms-OL på Lillehammer. Her er ei oversikt over kva du kan venta deg.

22 år etter det var OL på Lillehammer, står igjen spente utøvarar klare til å gje alt dei kan i ulike sportsgreiner.

Denne gonger er det dei unge som skal i elden.

1. Kva er ungdoms-OL?

For andre gong skal eit vinter-OL for unge arrangerast.

I 10 dagar skal 1 100 utøvarar mellom 15 og 18 år konkurrera i ulike vintersportar.

Det kjem utøvarar frå 71 ulike land som skal konkurrera i 70 ulike øvingar.

Konkurransane vil finna stad på Lillehammer, Gjøvik, Hamar, Øyer og Oslo.

2. Meir enn berre sport

Ungdoms-OL skal ikkje berre handla om idrettar. Kultur og læring er òg viktig.

Dei dagane utøvarane ikkje skal konkurrera skal dei delta på eit læringsprogram der dei skal læra om helse, digitale medier og sosialt ansvar.

I tillegg vil fleire kjente artistar halda konsertar dei ti dagane leikane blir halde.

Nico & Vinz, Matoma, Madcon og Aurora Aksnes er nokon av dei du kan få med deg under Ungdoms-OL.

3. Nye øvingar

Under Ungdoms-OL skal dei testa ut nokre nye idrettsgreiner.

Mellom anna kan utøvarane konkurrera i monobob og langrennscross.

Monobob vil seia bob for ein person. Langrennscross der utøvarane må gjennom ulike hinder.


Foto: Urs Flueeler/Keystone via AP

4. #Lillehammer2016

Ungdoms-OL på Lillehammer er det første OL som vil dela film, bilete og informasjon ved hjelp av Snapchat.

Leikane vil òg vera til stades på Instagram, Facebook og Twitter.

5. Sjogg

Sjogg er dette OL sin maskot.

Namnet betyr snø og vil vera å sjå rundt om på Ungdoms-OL.

Maskoten er ein blanding av eit fantasidyr og ei gaupe. Figuren er laga av Line Ansethmoen frå Lillehammer. Ho vann ein internasjonal designkonkurranse i 2014.

Sak henta frå nrk.no

Foto: Lillehammer2016.com

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858