
Deler symjeundervisning i jente – og guteklassar
Huseby skule i Trondheim har bestemt at jenter og gutar skal få symjeundervisning kvar for seg.
Det var fire jenter i 9.klasse som gjekk til rektor og spurde om det var mogleg å få reine jente -og gutetimar i symjinga.
Årsaka var at jentene ville sleppe unna kroppspresset.
Når ein har på seg badedrakt syner ein mykje av kroppen sin - og det er det ikkje alle som likar.
Jentene seier at dei vil slappa meir av viss det berre er jenter i undervisninga.
Forslaget vart diskurtert i dei ulike klassane, og der kom det fram at dei fleste syns det var eit bra forslag.
Rektor bestemte difor at symjeundervisninga i vår blir delt i reine jenteklassar og guteklassar.
Kva syns du om denne kjønnsdelinga i symjeundervisninga?