
Vil utestenga Donald Trump frå Storbritania
Over ein halv million britar har skrive under på at dei vil nekta Donald Trump å koma inn i Storbritannia.
Trump har lyst å bli president i USA og reiser difor rundt og held mange talar i landet.
Før jul sa Trump i ein tale at han ville at USA skulle stenga grensene sine for muslimar.
Det sa han etter at det vart kjent at terrorgruppa IS stod bak eit terrorangrep i USA før jul.
Trump meinte at muslimar som kom til landet kunne vera ein fare - og at dei kunne kome til å gjennomføra terrorhandlingar.
Dette utsegnet gjorde mange sinte.
I Storbritannia starta dei ei underskriftskampanje for å nekta Trump inngang i Storbritannia. Det vil seia at han ikkje kan koma på besøk til landet.
Over ein halv million innbyggjarar i Storbritannia har signert underskriftskampanjen.
No må dei som bestemmer i landet bli samde om Trump skal bli nekta innreise i landet.