Sjå politimannen digge Rihanna!
– Å kunne spreie glede, få folk til å le og kose seg er veldig kjekt, seier politimannen.
– Dover-politiet i USA har hatt suksess med Taylor Swift, og då tenkte eg at dette kunne vere mitt bidrag, ler Stig Tonsjø.
(Sjå video lengst nede i saka)
Det var politiforum som først fortalde om den dansande politimannen.
– Eg fekk med meg ein kollega som filma, mellom anna med drone.
Denne artikkelen er hentet fra NRK.no og skrevet av Eli Eiknæs Vengen.
– Vi som jobbar i politiet har våre interesser og lidenskapar som alle andre.
– Og at vi kan vere oss sjølve, og at vi kan få dyrke interessene våre er viktig. Vi er meir enn uniforma.