
Fann krokodille på storleik med ein buss
Forskarar fann restar av utdøydd monsterkrokodille.
Krokodillen som levde for rundt 130 millionar år sidan blei funnen i Tunisia i Afrika, og var nesten like stor som ein buss.
Forskarane trur den ni meter lange krokodillen vog heile tre tonn, og berre hovudet var halvanna meter langt.
Krokodillearten har fått namnet Machimosaurus rex, og har ikkje vore oppdaga før nå.
Det er trudd at dyret var i stand til å jakte på mat i vatn, og skilpadder kan ha stande på menyen til gigant-krokodillen.