Tiril vil heller bli bonde enn popstjerne
Kvar morgon står Tiril opp klokka fem for å vere med pappaen sin i fjøset.
- Eg likar dyr, og synest det er moro å vere med i fjøset, fortel ho.
Tiril er med på det meste. Alt frå foring til mjølking.
- For meg, som har vekse opp i eit fjøs, er det naturleg å ville bli bonde og ikkje popstjerne. Men for andre som ikkje er så vant med det er det kanskje ikkje det, seier ho.