Clik here to view.

– Foreldre har ansvar for at barna deira ikkje mobbar
Foreldre har ansvar for å læra ungane sine medkjensle og passa på at dei ikkje blir mobbarar, meiner statsministeren.
– Når barn har gitt beskjed ein, to eller tre gongar og ingenting skjer så gir dei opp, seier statsminister Erna Solberg.
Statsministeren forstår godt at mange unge blir fortvila når dei blir mobba og ikkje får hjelp.
Ho meiner at både samfunnet, skulen, og særleg foreldra har ansvar, og at det er viktig for foreldre å forstå at unge kan vere snille medan dei er heime, men kan oppføra seg anleis når dei er saman med andre.
Viktig å læra medkjensle
– Barn er barn og dei tenkjer ikkje alltid over konsekvensane av det dei seier og gjer. Dei tenkjer ikkje alltid over kor vondt det kan vere, seier Solberg.
Statsministeren meiner det er viktig at foreldre snakkar med barna sine om korleis dei som blir mobba har det.
– Det går også an å seie unnskyld når du er ti år gamal, seier Solberg.
Foreldre bør også vera forsiktige med korleis dei snakkar om folk, og ikkje snakka stygt om andre rundt barna sine, meiner Solberg.