
Star Wars slår enno ein rekord
Berre 12 dagar etter premieren, har den siste Star Wars-filmen spelt inn over 9 milliardar kroner. Det er rekord.
Aldri før har ein film tent inn så mykje på så kort tid.
Den førre rekorden var det "Jurrasic World" som hadde.
Star Wars: The Force Awakens har slått fleire rekordar i USA og Canada.
Allereie på premieredagen slo nemleg filmen dei tidlegare rekordane for "beste fredag", "beste opningsdag" og "beste eindagsinntening".
Her heime i Noreg har filmen ikkje fått same mottaking, og har no tredjeplassen for beste premierehelg.