
1 av 4 er ikkje flinke på data
Ei undersøking gjort på 9.klassingar syner at nesten ein av fire elevar ikkje flinke nok på datamaskina.
Det vil altså seia at dei berre har heilt grunnleggjande kunnskapar om korleis å arbeida på ei datamaskin og med IKT.
Undersøkinga vart gjort på elevar i mange ulike land.
Elevane vart gitt 1 til 4 poeng etter kor flinke dei var.
24 prosent av dei norske elevane skåra 1 poeng eller dårlegare.
Samstundes synte undersøkinga store ulikskapar mellom elevane. Nesten kvar tredje elev skåra 3 eller 4 poeng på undersøkinga - og hadde dimed god kunnskap om IKT.

Undersøkinga synte òg at jenter kunne meir om IKT og databruk enn gutar i nesten alle landa som deltok i undersøkinga.
Samla sett låg Noreg under gjennomsnittet med IKT-bruk i alle fag utanom norsk.