Går du julebukk?
I mange, mange hundre år har folk gått julebukk her i Noreg. Men dei siste åra vel fleire og fleire å gå Halloween i staden.
Det syns 7.klasse ved Manstad skule i Fredrikstad er dumt.
Dei har den siste tida hatt eit prosjekt om julebukktradisjonen.
- Før i tida trudde ein at julebukken var ein geitebukk som gjekk i åkeren før jul, fortel elevane i 7.klasse.
- Han skulle bringa lukke, slik at åkeren skulle gje mykje mat til våren.
I fleire hundre år har folk kledd seg ut som denne julebukken og gått dør til dør i romjula. Der har ein sunge julesongar og fått noko ein kan eta i retur.
I seinare tid har det ikkje vore så vanleg å kle seg ut med masker og som geitebukk.
I dag er det meir vanleg å mala seg i kjakane og ta på seg ei nisselue i staden.
Har du gått julebukk?