Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

For få helsesøstrer

$
0
0

For få helsesøstrer

Mange plassar er helsesøster berre på skulen ein dag i veka.

Eigentleg burde ho/han vore på skulen kvar dag for å rekke å hjelpe alle elevane.

Helsesøster er ofte den personen som ser om noko er gale eller plagar elevane. Det er vanskeleg å sjå når dei er lite på skulen.

- Eg tenkjer på dei barna eg burde funne og hjelpt, men som eg ikkje har tid til, seier helsesøster Ann Karin Swang.

Dei som gjev råd om helse seier det bør vere minst 1 helsesyster på 300 elevar på barneskulen. Det er det ikkje i dag.

Barneombudet, som jobbar med barn sine rettar, synest det er heilt uakseptabelt, og håpar politikarane vil gjere noko med det, slik at barn kan få hjelp hjå helsesyster.

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858