100 julesongar på 10 timar
I Rausfoss kyrkje er dei klare til å verkeleg synga jula inn på ein julekonsert utanom det vanlege.
Med hundre julesongar skal ulike kor og solistar i dag halda ein maratonkonsert.
Visst alt går som planlagt, er det om lag 200 frivillige personar som er med på julekonserten. Nokon syng, nokon spelar instrument og andre sel julegraut.
Inntektene frå maratonkonserten skal gå til forskning på kreft.
Kva julesong likar du best?