
Ellen vil hjelpa albinoborn
9 år gamle Ellen har engasjert seg i ei sak som få har høyrt om. Ho vil hjelpa albinoborn.
I sommar var Ellen i Rwanda i Afrika. Der møtte ho nokon albinoborn som måtte flykta frå heimane sine.
Når ein er albino har ein ikkje fargestoff i huden sin, og ein vert difor kvit.
I mange land i Afrika er det veldig farleg å vera albino. Mange trur nemleg at kroppsdelar frå albinoar kan bringa hell og lukke.
Difor er det nokon som leitar etter vaksne og born som er albino for å ta frå dei armar og bein.
Rundt om i verda finst det organisasjonar som prøver å hjelpa albinoborna. Men det er ikkje eit problem som så mange snakkar om.
Difor ville Ellen samla inn pengar til albinoborna i Rwanda.
Saman med vennene sine laga ho ein danseopptreden og ein loppemarknad.
Kva sak engasjerer du deg i?