
Noreg har verdas flottaste toalett
Kva er vel finare enn å kunne nyte vill norsk natur medan ein sit på do?
Ingenting, meiner nettsida Design Curial. Dei har kåra toalettet på Stegastein i Aurland for verdas flottaste.
– Dette offentlege toalettet tek kaka, skriv DesignCurial på sine nettsider.
Og det var ikkje tilfeldig at kåringa vart offentleggjort 19. november. Denne dagen er nemleg verdas internasjonale toalettdag.
– Det er jo fantastisk hyggeleg, smilar Per Ritzler.
Han er presseansvarleg for Nasjonale turistvegar, som står bak doen i fjellsida i Aurland.
Då dei bygde toalettet som er 650 meter over Aurlandsfjorden, møtte dei ein god del skepsis.
– Særleg i lokalmiljøet var ikkje alle begeistra, men no når interessa har synt seg å vere så stor, er haldninga udelt positiv, fortel Bjørn Andresen som var prosjektleiar for byggverket.
