
Politiet vil ta nett-trolla
Politiet er lei av folk som skriv ekstremt stygge ting om andre på nettet og sosiale medium. - Desse kallar me for nett-troll.
No har politiet fått nok, og startar ein eigen nett-gruppe.
Grunnen er at mange har komme med veldig stygge kommentarar etter terroren i Paris forrige helg og flyktningkrisa no i haust.
Hatefulle ting folk skriv på nettet kan ein faktisk komme i fengsel for.
- Det er ikkje greit at folk sit heime og skriv veldig ufine ting til kvarandre, seier Rune Berglund som jobbar mot rasisme.