
Eitt år etter ho måtte forlata Noreg, vart 11 år gamle Shaimaa motteke med gledestårer på flyplassen i Kristiansand.
Shaimaa og familien er eigentleg frå Jemen. Dei flytta til Noreg for å koma vekk frå krigen i heimlandet.
Etter å ha budd sju år i Noreg, måtte Shaimaa i fjor reisa frå Noreg saman med to yngre brødre og mammaen sin.
Dei fekk ikkje opphaldstillating i Noreg og fekk difor ikkje lov å bu i Noreg.
Dei måtte då reisa tilbake til Jemen.
Det er krig i Jemen, og Shaimaa har heile tida sagt at ho ønsker seg tilbake til Noreg.
I juli i år fekk ho gladmeldinga om at familien hennar fekk lov til å koma tilbake til Noreg for å bu her.
I går landa dei på flyplassen i Kristiansand.
Fleire av vennene til Shaimaa hadde møtt opp på flyplassen for å ta i mot Shaimaa og familien.
No skal Shaimaa flytta tilbake til Lillesand.
