Kven grin mest av jenter og gutar?
I år er det 25 år sidan forskningskonkurransen Nysgjerrigper starta.
Sidan 1990 har over 30 000 born vore med i Nysgjerrigperkonkurransen.
Det er ein forskningskonkurranse der born over heile landet undersøker ting dei lurer på.
Elevane Supernytt møtte lurte veldig på kven som grein mest av jenter og gutar.
Undersøkinga deira synte at jenter grein pittelitt meir enn gutar, men ikkje mykje.
Gutar grein meir enn jenter når dei tapte i spel.