Si i frå om mobbing
I Norge blir over 16 000 barn mobba 2-3 gonger i veka. Det er alt for mange.
- Det er kjempeviktig å si i frå til læraren eller rektoren på skulen din om du blir mobba, seier Anne Lundboe i Barneombodet.
Men av og til hjelper det ikkje å si i frå til skulen. Då er det veldig viktig å ikkje gje opp - men klage vidare til fylkesmannen.
Viktig å klage til fylkesmannen
Fylkesmannen høyrest kanskje ut som ein person, men det er faktisk eit kontor med mange menneske. Eit slikt kontor finnst i kvart fylke og dei skal passe på at skulene gjer jobben sin. Viss skulene ikkje gjer jobben sin kan du klage til fylkesmannen.
Då skal dei skrive eit strengt brev til skulen eller kommunen og fortelje kva dei skal gjere for at du skal få det bra.
Si i frå!
- Det er viktig å si i frå om du blir mobba, sjølv om det kanskje kan vere litt flaut. Det er den einaste måten å få slutt på mobbinga, seier Martine Brattli på 11.år.
Ho og klassekameratane hennar har lært om mobbing på skulen og er heilt sikre på at det hjelper å si i frå til ein vaksen.
- Unge og barn bør vite om fylkesmannen, for da veit dei at i tilfelle skulen ikkje gjer noko har dei fortsatt ein sjangse til å stoppe mobbinga, seier Tuva Heier Skauby.