
Mange villsvin til Noreg
Innan 25 år vil det vera 100 000 ville svin i norske skogar, meiner svensk forskar.
Dei siste åra har villsvina funne seg godt til rette i Noreg, og me har om lag 300 ville svin i skogane våre.
Ein svensk villsvinekspert meiner at me vil få ein eksplosjon av villsvin i Noreg.
Når villsvina har det godt, får dei mange ungar. I Sverige er det spådd at talet på villsvin vil auka kraftig.
- Jo fleire villsvin me får i Sverige, jo meir vil dei etter kvart flytta på seg for å finna mat. Difor vil mange reise over grensa til Noreg, seier den svenske villsvineksperten.
Norske forskarar trur derimot at villsvinet ikkje vil lika seg så godt i naturen vår og trur ikkje at me vil få så mange som 100 000 villsvin i skogane våre.
Kva trur du?