
Akiak (4) har 25.000 følgjarar
Den fire år gamle huskyen Akiak har 25.000 følgjarar på Instagram. Eigaren har til og med sagt opp jobben sin for å gå på tur med hunden.
Den fire år gamle huskyen Akiak frå Bergen er blitt ein kjendis på Instagram.
No han har han heile 25.000 følgjarar.
– Eg trur han har merka det, for han er litt diva. I dag stal han ei pølse frå kjøkenbenken.
– Det har han aldri gjort før, fortel eigaren Henrik Vikse.
Kontoen er eigentleg ei slags turdagbok, der Vikse tar bilete av Akiak og andre hundar dei treff til fjells over heile landet.
– Først fekk vi mange følgjarar frå rundt om i verda. Dei siste vekene har det vore veldig mange frå Skandinavia, fortel han.
No er dei blitt kjend verda rundt.



