Barna i Syria må få det betre synast Njord. Han og 10.000 andre har skreve under på at det må bli slutt på vald mot barn i Syria, og Njord gjev underskriftene til utanriksministeren.
Syria har vore i borgarkrig sidan mars 2011. Mange har mista livet og millionar av menneskje har måtta flykte frå huset deira.
I dag vert det heldt eit fredsmøte for Syria kor utanriksministeren og andre viktige personar fra 30 land deltek. På møtet skal dei prøve å finne ut korleis det kan bli fred i Syria.
Njord håpar underskriftene kan bidra til å få fred og ein slutt på valden mot barn i Syria.