Quantcast
Channel: Supernytt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858

Norsk rekord på kino i haust

$
0
0
I VINDEN: Norsk film er populært for tida. Her er bilde frå filmen Bølgen som har hatt over 700 000 besøk sidan premieren 28.august. (Foto: Fantefilm/NTBscanpix)

Norsk rekord på kino i haust

Meir enn seks av ti selde kinobillettar i september var til norske filmar. Aldri før har talet vore så høgt.

På toppen ruvar sjølvsagt haustens store kinosnakkis, Bølgen. Katastrofedramaet skildrar hendingane etter at Åkneset fell i vatnet og lagar ei flodbølge som omtrent utslettar turistperla Geiranger i Møre og Romsdal.

Barnefilm på 2.plass

Bølgen er no sett av fleire enn 700.000, men er langt ifrå den einaste norske filmen  som drar folk inn i kinosalen. På ein 2.plass av dei mest sette norske kinofilmene er , «Karsten og Petra på Safari». Filmen har sidan premiera 4. september hatt meir enn 200.000 besøk.

Saka er henta ifrå nrk.no og er skreve av Ingvild Nave.

Frå filmen Karsten og Petra på safari. FOTO: SF NORGE AS

DEL DIN FAVORITTFILM!

Vi fant dessverre ingen artikler, kanskje du finner noe du liker på forsiden?


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4858