
Kvifor skriv Supernytt nynorsk?
I det siste har det vore mange spørsmål om kvifor me skriv nynorsk i Supernytt.
Nynorsk er eit av to skriftspråk i Noreg. Det vart jamstilt med bokmål i 1885. Det betyr at dei to skriftspråka har vore like mykje verdt og like rett å bruke i over 130 år.
Mange born lærer nynorsk på skulen i staden for bokmål. Over 600 000 menneske i Noreg skriv nynorsk i dag.
NRK skal spegle heile landet og alle som bur i Noreg. NRK har difor ein regel om at 25 % av alt me skriv skal vere på nynorsk. På den måten skal det vere like enkelt for nynorskbrukarar som bokmålsbrukarar å lese og skjøne nyheitene.
Er det noko du ikkje skjønar er det berre å spørje og kommentere under, så svarar me deg.
Det er færre nynorskbrukarar enn bokmålsbrukarar. Av og til får nynorskbrukarane negative kommentarar om kvifor dei skriv slik dei skriv. Det er ikkje noko hyggeleg. Korleis trur du det hadde vore for deg om nokon hadde gjort narr av språket ditt?