Scora frå 50 meter
Alessandro Florenzi på Roma overraska alle med ei kongescoring i kampen mot Barcelona i går.
Florenzi hadde så vidt kome forbi midtbana, då han gjorde klar skotfoten.
Og makan til mål.
Ballen suste 50 meter før han traff først i stanga, så i nettet - og publikum gjekk heilt frå vetet.
- Ai ai ai! Eg skulle akkurat til å seia kva slags pasning er det då? sa han som kommenterte kampen på TV. For det er ikkje kvar dag ein ser ballen gå rett i mål frå midtbana.
Laget til Florenzi Roma låg under med eitt mål og scoringa hans redda laget frå tap. Kampen enda 1-1.