Vitskapspris som får deg til å le
I dag blir Ig Nobel-prisen utdelt ved universitetet Harvard i USA. Prisen heidrar rar og morosam forsking.
Tidlegare har folk vunne prisen for å blant anna ha testa korleis reinsdyr reagerer på menneske utkledd som isbjørn, for å ha funne ut ein ny måte og samle kvalsnørr på eller funne ut at ein BH kan fungere som ei gassmaske.
Men Ig-nobelprisen skal ikkje berre vere morsom. Den skal også vere nyttig.
I 2006 fekk franske forskarar for eksempel pris for å finne ut kvifor spagetti alltid knekk i meir enn to bitar. Dette kan seinare overførast til korleis ein skal bygge bruer utan at dei knekk.
Kva ville du forska på?