
Brakval i nord
Partiet Rødt gjorde det knallbra i Tromsø.
Rødt har berre hatt ein ordførar tidlegare.
Etter resultatet vart klårt i natt, kan partiet få sin andre ordførar gjennom tidene.
Rødt var det partiet som gjekk opp mest i Tromsø og kan no saman med Arbeiderpartiet ta over makta frå Høgre og Framstegspartiet.
Rødt er framleis eit lite parti, men kan feira at dei sanka nokon fleire stemmer rundt om i landet enn ved førre kommuneval.