
Opptekne av miljø
Det er tydeleg at fleire og fleire er opptekne av å tenkje grønt. Miljøpartiet Dei Grøne kan feira eit brakval.
All grunn til jubel. Miljøpartiet Dei Grøne er no større enn nokon gong.
I hovudstaden kan dei no avgjerda kven som får makta. Høgre og Framstegspartiet har sete med makta i 18 år i Oslo. No er dei avhengig av at Miljøpartiet dei Grøne vil samarbeide med dei for å behalde makta.
Mange trur Miljøpartiet heller vil samarbeide med Arbeiderpartiet.
Men det er ikkje berre i Oslo at veljarane er opptekne av miljø. Partiet har fått mange stemmer frå folk over heile landet. Tidlegare hadde Miljøpartiet 18 representantar rundt om i ulike kommunestyrer.
Etter årets val har dei heile 243 representantar.