10 år gamle Munan frå Fredrikstad skal vere reporter i Dyrevenn. Der skal han teste ut kva slags dyr som eignar seg best som kjæledyr.
- Å ligge i senga og kose med dyra er den beste testen, seier Munan.
Han vart kjempeglad i fjor haust då han fekk vite at han var plukka ut til å ha denne jobben.
- Då sprang eg vel rundt huset 10 gonger! Eg vart skikkeleg glad, seier Munan.
Les også: Møt Munan, Dyrevenns nye reporter
Når Munan er ute på jobb, jobbar han med regissør og fotograf Camilla Næss.
- Munan er veldig inspirerande å jobbe med. Han har så mange gode idéer sjølv og han gir aldri opp, seier Camilla.
Munan skal spele inn fem episodar til, og er ikkje i tvil om at han likar jobben som reporter.
- Det er rett og slett veldig gøy, seier Munan.