
Foto: Kevork Djansezian, Reuters
Kesha viar homofile og lesbiske
Den amerikanske sangaren Kesha driv ikkje berre med musikk. No har ho også fått lov til i vie folk som skal gifte seg. Til no har ho via eit homofilt og eit lesbisk par.
Kesha har lenge syntest det er viktig at lesbiske og homofile personar har like rettigheiter.
Tidlegare i sommar fekk homofile og lesbiske endeleg lov å gifte seg i USA. Det synest Kesha var flott, at det berre skulle mangle at lesbiske og homofile skal kunne gifte seg med den dei elskar.
- Det var ein fantastisk opplevelse å hjelpe to kvinner å gifte seg.