På Veitastrond skule i Sogn er det berre gutar på dei seks klassetrinna. Det er fire år sidan dei siste hadde ei jente som elev ved skulen.
– Det er moro at det er mange gutar, for då kan vi leike guteleikar, seier Erik Johan Hilleren (11).
På Veitastrond deler alle sju gutane både klasserom og to lærarar – som sjølvsagt også er menn.
– Her er det ikkje mykje dokker. Men det er ein veldig samanspleisa gjeng. Dei er trygge på kvarandre og dei er vant med å ta ansvar for kvarandre og vise omsorg, seier lærar Helge Nes.
Berre éin kan hugse jenter
Eldstemann er den einaste som kan huske jenter på skulen. Då han gjekk i førsteklasse, var det faktisk jenter på skulen.
– I gymtimane hadde vi to lag i kanonball. Då var det jentene mot gutane, seier Johan.
På det meste var det 20 elevar på skulen. No er dei sju, men i åra som kjem ser elevtalet ut til å auke igjen. Dermed kan eit gamalt problem igjen dukke opp for gutane, jentelus.
Om tre år kan det bli jentelus igjen
– Jentelus er det mest av i barnehagen, seier Heggestad.
For det er meir jentelus på veg. Om tre år er jentene som no går i barnehagen klare til skulestart. Og kanskje er dei ikkje heilt kvitt gamle jentelus heller.
– Kanskje eg har litt frå dei som gjekk her sist, ler Johan.
Denne saka er henta frå nrk.no og skreve av Rune Fossum og Per Kristian Grimeland.